Eggum Gard

Om Oss

EGGUM GARD er ein gamal tradisjonsrik gard med bygningar frå 1674 og hytter frå 1929.

Vi  ønsker å halde på særpreget på garden og tilbyr eit roleg, gamalt og barnevennleg miljø. Her finn du også eit gardsmuseum med mykje interessant.

Garden ligg midt mellom fjord og fjell. Eignar seg godt som utgangspunkt for dagsturar i nærområdet. På garden  kan ein koma i kontakt med sau og lam.

6 utleigehytter er i dag renoverte til høgstandard og er fullt utstyrte. 

Vi har ein liten leikeplass for dei aller minste, vi kan leige ut syklar og vi har ei fiskeelv med aure.

Eggum gard ligg ca 400 meter frå nærbutikk,  fotballbane og sandvolleyball-bane.

I sentrum finn ein også ridebane, der ein kan bestille ridetimar.